Blåmandag for pressa etter SIAN-markeringa

Åse-Kari Kobbersletten holdt appell for FO Innlandet

Åse-Kari Kobbersletten holdt appell for FO Innlandet Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I helga deltok eg på eit fabelaktig arrangement på Hamar: Fargerikt fellesskap – Et Hamar for alle.
Rødt hadde initiert ei tverrpolitisk markering som motreaksjon på SIANs inntog i byen. Det var mange flotte appellar og kulturinnslag, frå mellom anna ordførar, prest, fagrørsla og lokale ungdommar. Mange sa kloke ting, men ingenting av innhaldet vart referert av pressa.

Fascistane i SIAN hadde også markering. Heller ikkje innhaldet deira har pressa dekt eller vore kritisk til.

Det einaste journalistane har vore opptekne av var om det vart slåssing, som om det skulle dreie seg om eit gjengoppgjer. Kanskje er dei skuffa over å ikkje få sensasjonsoppslag? Som blodhundar tent av strid, men utan evne til å analysere situasjonen.

Eg har sett Hamar Arbeiderblad, NRK og Vårt Land dekkje det som skjedde på Hamar i går. Deira fokus er om motdemonstrantane held leven. Utan å ta stilling til kvifor folk reagerar på bodskapen til sianeserane på Østre Torg, og utan kritiske kommentarar til SIAN som står og hånar politiet, hånar dei som har møtt opp, som tek til orde for å deportere nordmenn frå landet og som lyg kvar dag om kva som er innhaldet i islam og korleis muslimar lev i Norge.

Pressa kunne lagd hovudoverskrift om den 16-årige muslimske guten som prata om kvinners rettar på Stortorget, og nemnt SIAN i ei bisetning. Journalistane kunne fortalt i klårtekst kva partia, kyrkja og fagforeiningane meiner er eit godt samfunn; kva vi vil oppnå.


Språkets funksjon er ikkje berre å beskrive verkelegheita, det bidreg også til å skape den.
Det må mediene vera seg bevisst: Fokuset deira set dagsorden for den vidare debatten.

Så ... kjære journalist: Kva er det som er viktig å få fram? Er det å få fram kva samfunn Hamar-ordføraren vil ha? Eller er det kanskje kven som vil rense ut delar av befolkninga? Eller er det kven som tutar høgast i trompeten uttafor sperringane til politiet?

Det var innom 300 på Østre Torg (200 om gongen) og det var 150 som bråka framfor SIAN. Hamar stilte med 450 motrøster, men pressa har ikkje fortalt kva innlendingane samla seg imot.
Folk samla seg imot ein organisasjon med leiarar som seier at dei kunne tenkje seg å sleppe ut att ABB for å ordne opp ...

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags