Raudt drypp

Ut i naturen

Ut i naturen Foto:

Av
DEL

LeserbrevKorleis vil vi ha det i Ringsaker i samband med den politiske utviklinga i Noreg?
Er det greit å la seg styra av ei blåblå regjering som saman med sine små politiske piltar V og Krf, prøver å gjennomføra så mykje nyliberalistisk tenking som mogleg?
Kva er så nyliberalisme? Nyliberalisme tyder økonomisk ideologi som tek til orde for ein økonomisk politikk som siktar mot eller har som konsekvens, i størst mogleg grad å utvikla markedsøkonomi og minst mogleg offentleg regulering av økonomien, også kalla markedsliberalisme.


Korleis skal vi få det i Ringsaker dersom kommunestyret og formannskapet skulle:


• deregulere alle marknader?
• marknadsutsetje verksemder som før var verna mot marknadskreftene?
• svekke fagrørsla blant anna gjennom oppmjuking av arbeidsmarknaden?
• syta for fri arbeidsmobilitet over landegrensene som gjev sosial dumping?
• skrumpe offentleg sektor ved å konkurranseutsetje offentlege tenester?
• privatisere stats-, fylkes- og kommunalteigde føretak?
• kutte skattlegginga av dei rike?
• skapa fri flyt av finanskapital og investeringar mellom land?


Økonomen Rune Skarstein skriv eit tankevekkjande innlegg kring denne problematikken i Klassekampen onsdag 3. juli.
Ein stemme til RAUDT ved kommunevalet kan gjera sitt til å bremsa den utviklinga vi ser i landet vårt i dag – og kanskje kan vi få medvitne folk inn i kommune- og fylkesstyre som vil kjempa hardt i mot eit system og ei tenking som berre gjer at kløfta mellom fattig og rik veks seg større og større.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags