Da oppvekst- og velferdsutvalet i Vestre Toten denne veka fekk orientering om den lokale Pride-markeringa, kom Stein Rune Vinger (Frp) med ei sjokkerande uttale om at ungane må skjermast frå dette.

Over heile verda forfølgjast menneske på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Homofili er kriminalisert i 64 land. I åtte land er det dødsstraff. I mange land er det ulovleg å prate positivt om LHBT, og vise offentleg støtte til denne gruppa. I fjor markerte vi at det var 50 år sidan avkriminaliseringa, men midt under Oslo Pride ble London Pub angrepet og skoten mot. To menneske døydde, og 21 andre skadde. Terror av verste sort.

Ein av pionerane i norsk homohistorie, Kim Friele, sa i eit av dei første TV-programma ho var på i 1973: «Homofili er kjærlighet. Så hvis du har opplevet i ditt eget liv hva kjærlighet er, så vet du at det er ikke farlig, og det er ikke mystisk».

Da Kim døydde i 2021, gjorde det stort inntrykk på meg da biskop Kari Veiteberg i gravferda uttalte: «For av og til er det nødvendig at nokon er utålmodige og ikkje tåler så inderleg vel den urett som ikkje rammer oss sjølve. Den kjærleikskampen som Kim Friele og mange andre, både kvinner og menn i dei skeive rørslene, utretteleg har ført i Norge, har heldigvis fått konsekvensar. Det var ein hard strid retta mot lovverket, mot politikarar, mot utbreidde fordommar, men også og det må eg seie tydeleg i dag, retta mot kyrkja og religiøse leiarar. Det har vore ein kamp for kjærleiken og ein kamp for mangfald og ein kamp for menneskeverd. Eg er glad for at den skeive rørsla også har tatt utfordringa frå sine veteranar om at Pride-markeringar også må dreie seg om internasjonal solidaritet.»

Pride er ein kamp for likeverd og toleranse. Ei slik markering er i mine auger å stå opp for ein heilt grunnleggjande menneskerett, retten til å elske den du vil. Sidan tidleg 1980-tal har feiringane satt preg på norske byar og tettstadar, og gjort det skeive miljøet stadig meir akseptert i samfunnet. Innlandet fylkesting har vedteke at vi, saman med FRI Innlandet, skal støtte Pride-arrangement i fylket vårt.

For meg handlar det om likeverd, og å kjempe mot urett og gamaldagse menneskesyn. Det handlar om retten til å eksistere, utan å bli diskriminert, forfølgd, kasta i fengsel og drepen. Så i staden for å spørja kvifor heterofile ikkje har sitt eiget flagg og eiga feiring, så vær glad dykk ikkje treng det. Skjerm heller ungane frå hat, fordomar og vald, og la dei feire mangfald og kjærleiken.